Til leseforslag
Omslag: "Til jord skal du bli : roman" av Anders Totland

Vaksne

Til jord skal du bli

Totland, Anders2022

Humor RomanerPensjonister Mord Prester Finnskogene
Bestill

Anbefaling

Kva viss alle dei store tinga i livet ditt skjer på same dag?

Ein morosam røvarroman, med meir og meir forviklingar jo lenger du kjem inn i historia. Eg tykkte spesielt godt om forhaldet mellom den nye og den gamle presten.

Om boka

Det blir mykje på ein gong for Jacob Juul. På få dagar går han frå å vera pensjonert prest og spritseljar som nyt sitt otium, til å bli enkemann og nybakt bestefar for ei 7 år gammal jente. Og om ikkje det var nok, blir han også drapsmann. No har han ein daud torpedo i spritskjulet å kvitta seg med og ein kriminell konspirasjon å redda seg sjølv og vesle Isabella Donnatina frå, men heldigvis har ein livslang karriere i Den norske kyrkja førebudd han på å møta dei fleste omstende med ro og optimisme. For som han seier det sjølv: «Det er utruleg kva ein opplever gjennom meir enn 40 år med besøk i private heimar for å planlegga dåp, bryllaup og gravferd.»

Kontakt

Sånn bruker du biblioteket

Time kommune
Ansvarleg redaktør: Anne Tjørhom Frick
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygd med Libry Content