Hetlandsgata 11

Demokrati, rettsstat og menneskerettar er avløyste av autoritære regime i
Russland, Ungarn,
Polen og Tyrkia. Den positive utviklinga i land som Kina og India har
snudd,
og sjølv i USA og Storbritannia har utviklinga dei siste åra vore
urovekkjande. Då er
det ikkje tale om tilfeldige episodar, men om ein global trend. Krigen i
Ukraina viser kor gale det kan gå når kritikk og maktkontroll ikkje lenger
er mogeleg.
Kva er årsakene til denne utviklinga, og korleis kan den best møtast for å ta vare på demokratiet,
rettsstaten og menneskerettane – grunnleggjande kvalitetar ved samfunnet
slik me kjenner det?
Jørn Øyrehagen Sunde er jurist og rettshistorikar. Han har vore professor ved Universitetet i
Bergen, men har frå 2019 vore tilknytt Institutt for offentleg rett ved Universitetet i Oslo. For tida
leier han eit prosjekt om politiets historie i Norge. Sunde er ein uvanleg aktiv formidlar, og det kan
nemnast at han også er tilknytt Baroniet i Rosendal i heimkommunen Kvinnherad som historikar.