Når:
20. mars 2021@13:00-14:00
2021-03-20T13:00:00+01:00
2021-03-20T14:00:00+01:00
Hvor:
Storstova
Arne Garborgsveg 26
Pris:
150
Laurdagstimen: "Frå Shakespeare til Knausgård". Litteraturhistoria på ein time @ Storstova

 Har du nokon gong følt at det er bøker du verkeleg burde ha lese? At du hamnar i pinlege situasjonar i selskapslivet fordi du har hol i bokhylla? Her er løysinga!


Med boka Frå Shakespeare til Knausgård – 66 klassikerer du naturligvis har lest gir Janne Stigen Drangsholt og Therese G. Eide (ill.) ei kjapp innføring i kjente litterære verk og gir deg dermed sjansen

til å lyga på deg danning.

 

Med dette arrangementet tek dei konseptet eit hakk vidare og gir deg ei kjapp, nyttig og morosam innføring i litteraturhistoria frå år null og fram til i dag.


Dette er eit tilbod du rett og slett ikkje bør gå glipp av!

 

Ja, ein skikkeleg god mental godtepose, som inngang til helga.

 

Stad: Storstova 20.mars kl 13

Tid: 20.mars kl 13

Pris: kr 150

 

Billettar: www.storstova.com