Når:
25. august 2022@11:00-13:00
2022-08-25T11:00:00+02:00
2022-08-25T13:00:00+02:00
Hvor:
Time bibliotek
Hetlandsgata 11
Pris:
Kr 100/gratis (medl.)
Pårørande sin innsats – meiningsfylt hjelp eller sovepute frå staten? @ Time bibliotek

Foredrag ved Kirsten Jæger Fjetland
Arr.: Jæren SeniorUniversitet
Torsdag 25. august kl. 11.00 | Storsalen | Kr 100/gratis (medl.)

Dei aller fleste av oss vil gjennom livet oppleva å vera pårørande. Det kan
vera både som foreldre til barn og unge med nedsett funksjon og som
pårørande til sjuke og gamle. Mange legg ned ein stor frivillig innsats i
omsorga for nær familie eller andre slektningar og vener. Slik innsats kan
opplevast som ei meiningsfylt plikt, ein måte å gi tilbake noko av den
omsorga som ein sjølv har fått ein gong. Å ta vare på sine næraste er ein
verdi som ligg djupt rotfesta i kulturen vår.
Også i den offentlege omsorgspolitikken blir innsatsen til dei pårørande
løfta fram som verdifull. Kostnadene med å oppretthalda og utvikla
velferdssamfunnet er stigande, og frivillig innsats trengst for at det skal
fungera.
Men kor skal grensa gå mellom dei pårørande og dei profesjonelle? Kan den frivillige innsatsen bli
ei sovepute for stat og kommune? Kva hjelp og støtte treng dei pårørande for ikkje å slita seg ut,
og korleis kan me få eit betre samspel mellom det offentlege og den frivillige innsatsen? Kva seier
forskinga om slike spørsmål?
Kirsten Jæger Fjetland er professor ved Institutt for helsefag, VID vitenskapelige høgskole. Ho
deltar i forsking og fagutvikling knytta til sosial støtte til pårørande