Time bibliotek har fått nytt biblioteksystem. Det heiter Bibliofil og gjer det enkelt for deg som lånar å få oversikt over dine lån og bestillingar på nett.

Last ned appen Bibliofil i «App Store» eller «Google Play». Med appen får du eit digitalt lånekort, som du kan bruke i biblioteket.
Du kan og logge inn i Bibliofil på vår nettside https://jaerbiblioteka.no/.

 

 

LOGG INN
Gå til https://jaerbiblioteka.no/. Skriv inn lånernummer (N00********) og PIN-kode (4 sifre).

Har du gløymt din PIN? Gå til https://jaerbiblioteka.no/. Trykk på «Glemt passord» i innloggings-feltet.

Har du gløymt eller mista lånernummeret? Gå til https://jaerbiblioteka.no/. Trykk på «Glemt passord» i innloggings-feltet. Klikk på «Glemt det?» over lånernummer-feltet.

BLI LÅNAR
Gå til https://jaerbiblioteka.no/. Trykk på «Logg inn». Klikk på «Bli låner» i det røde feltet. Opprett deg som låner med navn og personnummer. Vil du opprette deg som Nasjonal låner og få tilgang til bibliotekets digitale tenester må du oppgi personnummer (11 sifre) og autorisere gjennom den digitale ID-porten.

SØKE
Du kan skrive inn eit eller flere søkeord i søkefeltet. Du kan f.eks. søke på tittel, forfattar, emne, sjangar, språk og aldersgruppe (barn, småbarn, ungdom og vaksen).

Ved mange treff, bruk søkefilteret til venstre på skjermen. Her er det og muleg å begrense søket til dei titlar som er ledige på biblioteket. Kryss av i feltet «Vis kun ledige titler».

LÅN, FORNYINGAR OG BESTILLINGAR
Du får oversikt over dine lån og bestillingar ved å velge «Lånt og bestilt» i menyen til venstre.

Ønsker du å fornye eit eller flere lån trykker du på «Forleng lånet». Vil du forlenge alle lån klikker du på «Forleng alle lån» oppe i høyre hjørne på skjermen.

Under lista med «Dine lån» finn du ei liste med dei bøker du har bestilt (reservert) «Dine bestillinger».

FAMILIEMAPPA
Med «Familiemappa» kan du enkelt og raskt få oversikt over familiens lån og bestillingar. Du kan og fornye og bestille på vegne av eit familiemedlem.

Logg inn på barnets lånekonto (se avsnittet «Logg inn» ovanfor). Gå til «Min side» i menyen til venstre eller i meny-hjulet i appen. Trykk på «Familiemappa». Skriv inn ditt lånenummeret og klikk på «Send tillatelse» i feltet under.

Viss barnet ditt ikkje har lånekort, kan du registrere barnet ved å trykke på det grønne feltet «Registrer barnelåner».

Logg ut av barnets lånekonto og logg inn på din eigen. Gå til «Min side» og «Familiemappa» for å godkjenne tillatelsen.

Du finner ditt barns lån og bestillingar under «Lånt og bestilt» i menyen. Kvart enkelt lån er markert med namnet på lånaren i parantes. Du vil få varsler frå ditt barns lånekonto i tillegg til din eigen. Sjekk gjerne at dine personopplysingar er oppdatert. Gå til «Min side» og «Min profil». Se under «Låneopplysninger».

ENDRE PIN, PASSORD OG PERSONOPPLYSINGAR
Vil du endre PIN, passord eller andre personopplysingar, gå til «Min side» i menyen til venstre eller meny-hjulet i appen. Trykk på «Min profil». Du kan endre adresse, e-postadresse og telefonnummer under låneropplysninger. Du kan og endre passord og PIN.

Kva er forskjellen på PIN-kode og passord? PIN (4 sifre) brukes når du logger deg inn i Bibliofil. For økt sikkerhet ved innlogging anbefaler vi deg å opprette eit passord. Gå til «Min side» og «Min profil». Under ditt digitale lånekort klikker du på «Bytt til innlogging med passord».

Har du gløymt din PIN-kode eller ditt passord? Gå til https://jaerbiblioteka.no/. Trykk på «Gløymt passord» i innloggings-feltet.