Bibliofil

Time bibliotek har fått nytt biblioteksystem. Det heiter Bibliofil og gjer det enkelt for deg som lånar å få oversikt over dine lån og bestillingar på nett.

Last ned appen Bibliofil i «App Store» eller «Google Play». Med appen får du eit digitalt lånekort, som du kan bruka i biblioteket.
Du kan og logga inn i Bibliofil på vår nettside timebibliotek.no.

 

 

LOGG INN
Gå til timebibliotek.no. Skriv inn lånernummer (N00********) og PIN-kode (4 sifrar).

Har du gløymd PIN-koden? Gå til timebibliotek.no. Klikk på «Glemt passord» i innloggingsfeltet.

Har du gløymd eller mista lånernummeret? Gå til timebibliotek.no. Klikk på «Glemt passord» i innloggingsfeltet. Klikk på «Glemt det?» over lånernummer-feltet.

BLI LÅNAR
Gå til timebibliotek.no. Klikk på «Logg inn». Klikk på «Bli låner» i det raude feltet. Opprett deg som lånar med namn og personnummer. Vil du opprette deg som Nasjonal lånar og få tilgang til bibliotekets digitale tenester må du oppgje personnummer (11 sifrar) og autorisera gjennom den digitale ID-porten.

SØKE
Du kan skrive inn eitt eller fleire søkeord i søkefeltet. Du kan t.d. søka på tittel, forfattar, emne, sjangar, språk og aldersgruppe (barn, småbarn, ungdom og vaksen).

Ved mange treff, bruk søkefilteret til venstre på skjermen. Her er det og muleg å begrense søket til dei titlar som er ledige på biblioteket. Kryss av i feltet «Vis kun ledige titler».

LÅN, FORNYINGAR OG BESTILLINGAR
Du får oversikt over dine lån og bestillingar ved å velge «Lånt og bestilt» i menyen til venstre.

Ønsker du å forlenga eitt eller fleire lån klikker du på «Forleng lånet». Vil du forlenga alle lån klikkar du på «Forleng alle lån» oppe i høyre hjørne på skjermen.

Under lista med «Dine lån» finn du ei liste med dei bøker du har bestilt (reservert) «Dine bestillinger».

FAMILIEMAPPA
Med «Familiemappa» kan du enkelt og raskt få oversikt over familiens lån og bestillingar. Du kan og fornye og bestille på vegne av eit familiemedlem.

Logg inn på barnets lånekonto (sjå avsnittet «Logg inn» ovanfor). Gå til «Min side» i menyen til venstre eller i meny-hjulet i appen. Klikk på «Familiemappa». Skriv inn ditt lånenummer og klikk på «Send tillatelse» i feltet under.

Viss barnet ditt ikkje har lånekort, kan du registrera barnet ved å trykka på det grøne feltet «Registrer barnelåner».

Logg ut av barnets lånekonto og logg inn på din eigen. Gå til «Min side» og «Familiemappa» for å godkjenne tillatelsen.

Du finner ditt barns lån og bestillingar under «Lånt og bestilt» i menyen. Kvart enkelt lån er markert med namnet på lånaren i parantes. Du vil få varslar frå ditt barns lånekonto i tillegg til din eigen. Sjekk gjerne at dine personopplysingar er oppdatert. Gå til «Min side» og «Min profil». Sjå under «Låneopplysninger».

ENDRE PIN, PASSORD OG PERSONOPPLYSINGAR
Vil du endra PIN, passord eller andre personopplysingar, gå til «Min side» i menyen til venstre eller meny-hjulet i appen. Klikk på «Min profil». Du kan endre adresse, e-postadresse og telefonnummer under “Låneropplysninger”. Du kan og endre passord og PIN.

Kva er forskjellen på PIN-kode og passord? PIN (4 sifre) brukes når du logger deg inn i Bibliofil. For auka sikkerheit ved innlogging anbefaler me deg å opprette eit passord. Gå til «Min side» og «Min profil». Under ditt digitale lånekort klikker du på «Bytt til innlogging med passord».

Har du gløymd eigen PIN-kode eller passord? Gå til timebibliotek.no. Klikk på «Glemt passord» i innloggings-feltet.