Biblioteksøk

Kva er Biblioteksøk?

Visste du at du kan sitja heime i di eiga stue og bestille bøker frå bibliotek i heile landet? Bøkene kan du hente på ditt lokale bibliotek. Me kaller det BIBSØK.

BIBSØK skal gje ein inngang til norske bibliotekkatalogar, muligheit til å låne litteratur fra alle norske bibliotek, og gjer direkte tilgang på nett til litteratur som er digitalisert i Nasjonalbiblioteket. BIBSØK bidrar til å jevna ut ulikheitar mellom norske bibliotek, og gjer alle innbyggarar same tilgang til litteratur, uavhengig av størrelsen på biblioteket i kommunen dei bur i.

I BIBSØK kan du finna bøker, men og andre ting som lydbøker, film osv. I BIBSØK vil du ikkje kunne finna enkeltartiklar eller delar av bøker og tidsskrifter.

Alle kan benytte BIBSØK til søking. Lånarar med Nasjonalt lånekort som benytter hentebibliotek som er tilknyttet BIBSØK, kan og bruke tenesta til å bestille bøker.