
Dagens film varer 1 t 16 min. Passer for alle.
Ønsker de detaljerte opplysningar om vårens filmar, sjå vårmenyen eller meld dykk inn i Facebookgruppa Laurdagsfilm på Time bibliotek.
NB: Påmelding i skranka i forkant av filmen. Ifbm smittesporing.

NB! Alle foredraga til Folkeakademiet i vår vert i Storstova og startar kl 19.30.
Kjell Arild Pollestad er kjent for eit stort forfattarskap med bøker i fleire sjangre: dagbøker, humoristiske betraktninger, reiselitteratur og biografiske bøker.
Dei seinare åra har han omsett fleire historiske verk, som Snorres «Heimskringla» (2012) og Homers «Sangen om Odyssevs» (2013).
Når er han i gang med omsetjing av Bibelen, eit arbeid som han vil halda foredrag om i Folkeakademiet Time.
Billettar kan og kjøpast ein halvtime før arrangementet, i skranka på Storstova.
(Foto: Jærbladet)

Har du plukka opp ein pinne og svingt han rundt som eit sverd? Det har eg også gjort, og eg gjer det ennå, sjølv om eg er vaksen, seier Bjørn Veen.
For det er kjekt å lata som. Å lata som du er ein pirat, og ein pinne er sabel. Og det å lata som, å ha god fantasi, det er det viktigaste som finst.
Pinneleik er ei biletbok som hyllar fantasien, nikkar til historiefaget og tykkjer at litt herjing ut er heilt greitt.
Ta med eigen pinne, eller få hjå oss.
Det vil vera tilgjengeleg tau, skarpe spikkeknivar og svipennar (og plaster).

Har du nokon gong følt at det er bøker du verkeleg burde ha lese? At du hamnar i pinlege situasjonar i selskapslivet fordi du har hol i bokhylla? Her er løysinga!
Med boka Frå Shakespeare til Knausgård – 66 klassikerer du naturligvis har lest gir Janne Stigen Drangsholt og Therese G. Eide (ill.) ei kjapp innføring i kjente litterære verk og gir deg dermed sjansen
til å lyga på deg danning.
Med dette arrangementet tek dei konseptet eit hakk vidare og gir deg ei kjapp, nyttig og morosam innføring i litteraturhistoria frå år null og fram til i dag.
Dette er eit tilbod du rett og slett ikkje bør gå glipp av!
Ja, ein skikkeleg god mental godtepose, som inngang til helga.
Stad: Storstova 20.mars kl 13
Tid: 20.mars kl 13
Pris: kr 150
Billettar: www.storstova.com

Dagens film varer 1 t 23 min. Passer for alle.
Ønsker de detaljerte opplysningar om vårens filmar, sjå vårmenyen eller meld dykk inn i Facebookgruppa Laurdagsfilm på Time bibliotek.
NB: Påmelding i skranka i forkant av filmen. Ifbm smittesporing.

Her vil du få høyre Fortelleretaten sin versjon av H.C. Andersens klassiske eventyr, Den stygge andungen. Ei forteljing som viser reisa med å oppdaga kven du verkeleg er.
Fortelleretaten formidlar ei oppleving fylt med leik, undring og spenning.
Hjerte Kraft lagar magiske lydeffektar til forestillinga.
Passar frå 4 år.
Arr.: Time bibliotek
Laurdag 10. april kl. 12.00 | Storsalen | Gratis
(Foto: Hjerte Kraft)

Sven Egil Omdal har skrive bok om kor mykje Stavanger har forma Noreg gjennom dei siste 200 åra.
Men i boka viser han også kor mykje Jæren og folket herfrå har forma Stavanger.
Det er ikkje tilfeldig at stavangersongen begynner med ei lovprising av «Jadarlandets brede brune jord».
I dette foredraget fortel han om korleis både politikken, kulturen og økonomien i landet blei påverka av det som blei rekna som ein litt bortgøymd landsdel, men som verkeleg var særs dynamisk.
Billettar kan og kjøpast ein halvtime før arrangementet, i skranka på Storstova.
(Foto: Privat)

Dagens film varer 1 t 20 min. Passer frå 7 år.
Ønsker de detaljerte opplysningar om vårens filmar, sjå vårmenyen eller meld dykk inn i Facebookgruppa Laurdagsfilm på Time bibliotek.
NB: Påmelding i skranka i forkant av filmen. Ifbm smittesporing.