Digitale tenester

Bibliofil – biblioteket ditt på nett

Bibliofil logoBibliofil er biblioteksystemet som nyttast på Time bibliotek. Du kan bruka Bibliofil til å mellom anna søka etter materiale, få oversikt over eigne lån, reservera materiale og fornya lån. Bibliofil er tilgjengeleg som nettversjon, men kan og lastast ned som ein app i «App Store» eller «Google Play» (søk etter Bibliofil). Med appen får du og eit digitalt lånekort, som du kan bruka i sjølvbeteningsautomatane på biblioteket. Meir informasjon om korleis du brukar Bibliofil finn du her >>>
Opne Bibliofil >>>

 

 

 

Allbok – lån lydbøker og e-bøker

Allbok logoAllbok er ei teneste som gjer det mogleg å låna e-bøker og lydbøker gratis frå bibliotek. Allbok kan opnast i ein nettlesar, eller lastast ned som ein app til bruk på mobil eller nettbrett. Last ned appen frå App store for iOS eller Google play for Androide. Logg deg på med lånekortnummer og pinkode.
Opne Allbok >>>

 

 

 

Biblioteksøk – bestill bøker frå andre bibliotek i Noreg

BiblioteksøkOm du ikkje finn det du ønsker å låna i vår katalog kan du bestilla frå andre bibliotek i Noreg. Biblioteksøk er utvikla for å gje ei felles oversikt over alle norske bibliotekkatalogar, og gje direkte tilgang til litteratur som er digitalisert i Nasjonalbiblioteket. I Biblioteksøk kan du finna bøker, lydbøker, filmar og liknande. Lånarar med nasjonalt lånekort kan nytta tenesta til å bestilla bøker og velga å henta dei på sitt lokale bibliotek.
Opne Biblioteksøk >>>

 

 

 

Karanteket – digitale bibliotektilbod frå heile Noreg

Karanteket logoKaranteket vart til då heile Noreg «stengde ned» under koronatida. Her finn du ei oversikt over digitale bibliotektilbod frå heile landet. Sida inneheld mellom anna lenker til både arrangement, e-bøker, lydbøker, kurs og podcastar.

Opne Karanteket >>>

 

 

 

Pressreader – få tilgang til over 6000 tidskrifter og aviser

Pressreader logoMed Pressreader kan du lesa over 6000 aviser og tidsskrit heilt gratis. Desse kjem frå over 1000 ulike land og er på over 70 ulike språk. For å få tilgang må du logga deg på medan du er på biblioteket. Deretter har du fri tilgang heimefrå i sju dagar.
Opne PressReader >>>

 

 

 

Filmbib – sjå kortfilmar og dokumentarfilm gratis

Filmbib logoAlle med nasjonalt lånekort på norske bibliotek kan sjå kort- og dokumentarfilm gratis gjennom strømmetenesta Filmbib. Logg deg inn med lånenummar og PIN-kode. Du kan sjå kortfilmar og dokumentarar av nyare dato, men og fleire filmar som går tilbake i tid. Filmbib har ein unik samling av filmar for både barn og voksne: animasjonsfilmer, eksperimentelle filmer og humoristiske korte historiar.
Opne Filmbib >>>

 

 

 

Nasjonalbiblioteket – gratis tilgang til bøker, tidskrift, bilete og aviser

Nasjonalbiblioteket logoNasjonalbiblioteket har digitalisert store delar av samlinga si og gjort den tilgjengeleg på nett. I nettbiblioteket kan du søka etter bøker, aviser, bilete og tidsskrift. Dette gjeld materiale som ikkje er verna av opphavsretta.

Opne nettbiblioteket til Nasjonalbiblioteket >>>

 

 

 

Lesekroken

Lesekroken logoLesekroken inneheld digitale lydbøker og blabøker med eventyr frå Asbjørnsen og Moes samlingar. Du får dei på bokmål og nynorsk, samt 20 av dei mest vanlige framandspråka i Noreg inkludert samisk. I tillegg finn du interaktive oppgåver som puslespel og ordlotto, samt karaoke og songar. Publikumspassord får du på Time bibliotek.
Opne Lesekroken >>>

 

 

 

Billedbokhylla

BilledbokhyllaMange gode biletbøker vert gamle og utslitt. Nå er ein god del av desse bokskattane likevel blitt tilgjengelige digitalt. Nasjonalbiblioteket har byrja å digitalisere norske bøker. Dette gjeld bøker som er utgjeve før år 2000. Hammerfest bibliotek har laga ein eigen base kor dei har samla dei digitale biletbøkene frå Nasjonalbiblioteket. Her kan du sjølv søka etter forfattar, titlar og emne.
Opne Billedbokhylla >>>

 

 

 

Time fotosamling

Time bibliotek har, i samarbeid med Jærmuseet, digitalisert ca 3500 bilde frå den lokale fotosamlinga. No kan alle enkelt få tilgang til bilda. Samlinga inneheld mellom anna fleire hundre Widerøe-bilde (flyfoto) frå heile kommunen frå 1950-60-talet, innsamla bilde til dei to siste banda av Time gard og ætt, og rundt 2000 bilde tatt av Peder Netland. Hans bilde er av alt frå bygningar og familiar til kvardagssituasjonar.

Klikk på lenka nedanfor for å finne bilete frå fotosamlinga.

Digitaltmuseum

 

 

Helsebiblioteket – oppslagsverk for helsepersonell

Helsebiblioteket logoHelsebiblioteket.no gjer gratis tilgang til fagprosedyrar, oppslagsverk, databasar, tidsskrift og andre kunnskapsressursar for helsepersonell.
Opne Helsebiblioteket >>>