Fråsegn om personvern Time bibliotek
Time bibliotek har ansvaret for at dei personopplysningane vi får, blir handsama i samsvar med personopplysningslova og dei lovene som gjeld til ei kvar tid. Denne fråsegna om personvern forklarer kva for personopplysningar vi får, samlar inn og handsamar når du låner, brukar Mine sider og går inn på denne nettsida (som vi vidare vil omtala samla som «våre tenester»). Med personopplysningar meiner vi opplysningar og vurderingar som kan knytast til deg som enkeltperson.
Ansvar for handsaming
Time bibliotek, Time kommune har ansvaret for handsaming av personopplysningar i samband med tenestene våre. Har du spørsmål eller meiningar om fråsegna om personvern, inkludert eigne rettar etter lova, kan du kontakta oss på: bibliotek@time.kommune.no
Lånehistorikk og lånedata – personopplysningar i biblioteksystemet
For å låna bøker og andre medium, må du ha eit bibliotekkort som du får ved å registrera deg som lånar i biblioteksystemet vårt Mikromarc og/eller appen eBokBib (for lån av e-bøker). Ein avtale med systemleverandøren sikrar at andre ikkje kan bruka personopplysningane utover det biblioteket, som ansvarleg for handsaminga, har bestemt.
Informasjon fra Mikromarc systemleverandør om GDPR: http://www.bibits.no/wp-content/uploads/2018/04/Viktig-informasjon-om-GDPR.pdf
Du kan når som helst avslutta medlemskapen din ved å kontakta oss på: bibliotek@time.kommune.no. Uteståande lån må du levera før du kan avslutta medlemskapen.
Bruk av informasjonskapslar (cookies) på timebibliotek.no
Biblioteket samlar inn opplysningar om dei som går inn på nettsidene. Dette gjer vi ved å bruka informasjonskapslar, såkalla cookies. Dette er små tekstfiler som vert lagra på datamaskinen din når du går inn på ei nettside. Lagring og handsaming av opplysningar som vert samla inn på denne måten er berre lov dersom brukaren er informert om og har gitt samtykke til det. Brukaren skal vita og godkjenna kva for opplysningar som vert handsama, kva som er føremålet og kven som handsamar opplysningane.
Føremålet med bruk av informasjonskapslar
Time bibliotek, Time kommune samlar inn data ved bruk av informasjonskapslane for å måla trafikken og korleis nettsidene og tenestene våre vert brukt. Denne informasjonen vert analysert og brukt for å gjera nettsida til biblioteket så brukartilpassa og velfungerande som råd.
Kva for opplysningar er det vi samlar inn med informasjonskapslar
Biblioteket samlar inn IP-adressar og informasjon om åtferda til dei som går inn på nettsida ved bruk av informasjonskapslar.
Biblioteket brukar informasjonskapslar frå tredjepart for å gjennomføra webanalysar og for å ta i bruk webanalyseverktøy. Biblioteket brukar i all hovudsak Google Analytics til dette. Når biblioteket brukar Google Analytics, vert informasjonen anonymisert. Les meir om Googles personvernregler her.
Kven er det som brukar opplysningar samla inn via informasjonskapslar
Opplysningane som vert samla inn via informasjonskapslar på timebibliotek.no vert berre nytta internt. Opplysningane vert ikkje vidareførte til andre utover det som er spesifisert ovanfor.
Du kan sjølv administrera bruk av informasjonskapslar
Viss du ikkje vil at nettlesaren din skal levera ut informasjon om besøket ditt på timebibliotek.no, kan du endra innstillingane i nettlesaren din. Vêr likevel merksam på at nettstaden ikkje vil fungera optimalt viss du ikkje aksepterer informasjonskapslar. Du kan sjølv sletta informasjonskapslar frå menyen i nettlesaren. Informasjonskapslane vil likevel koma opp igjen neste gong du går inn på nettstaden vår, med mindre du har endra innstillingane.
Sosiale medium
Funksjonen «Del med andre» kan du bruka til å vidaresenda lenker frå nettstaden på e-post, eller til å dela innhaldet på sosiale nettsamfunn (Facebook, Twitter, Google + og LinkedIn). Opplysningar om tips vert ikkje lasta ned hos oss, men vert berre brukt til å leggja inn tipset hos nettsamfunnet. Vi kan likevel ikkje garantera at nettsamfunnet ikkje lagrar desse opplysningane. Slike tenester bør difor brukast med vett, og vi rår deg til å lesa gjennom fråsegnene om personvern til nettsamfunna. Dersom du nyttar e-post, sender vi berre meldingane vidare utan å lagra dei.
E-post
Når du kommuniserer med oss via bibliotek@time.kommune.no, lagrar vi meldingane midlertidig slik at vi kan hjelpa deg best råd. E-postane vert lagra i kommunen sitt e-postsystem, og dei vert sletta når dei er ferdigbehandla. Meldingar som er arkivpliktige, til dømes formelle klager, vert lagra i kommunen sitt arkivsystem.
Rutinar for lagring og informasjonstryggleik
Personopplysningar blir lagra og handsama i samsvar med gjeldande personvernlover. Biblioteket vil gjennom planlagde og systematiske tiltak sjå til at informasjonstryggleiken med omsyn til konfidensialitet, integritet og tilgjenge er tilfredsstillande.
Personopplysningane vert lagra hos biblioteket så lenge det er eit sakleg behov, og uansett ikkje lenger enn krava i personvernlovene. Dei vil då bli anonymiserte eller sletta.
Utlevering av opplysningar
Personopplysningane dine kan bli gjort tilgjengelege for dei som leverer tekniske eller administrative tenester til oss. Då sikrar vi at desse følgjer våre krav til handsaming av personopplysningar og gjeldande lover.
Personopplysningar kan også bli utlevert dersom det er lovheimel for det eller vi får pålegg frå ein domstol eller annan offentleg mynde. Personopplysningane vil ikkje bli utlevert til land utanfor EU/EØS.
Rett til å krevja innsyn, retting, sletting, avgrensingar og overføring av data
Du har til ei kvar tid rett til å sjå dei opplysningane som er registrerte om deg, og du kan krevja retting, sletting (inkludert retten til å bli gløymt) og rett til avgrensing av handsaming i samsvar med gjeldande personvernlover. Dersom du ønskjer noko av dette, kan du når som helst kontakta oss på bibliotek@time.kommune.no.
Du har også rett til å krevja å få personopplysningar, som du har gitt biblioteket, i eit oversiktleg og maskinleseleg format (dataportabilitet), i samsvar med personvernreglane. Dersom det er teknisk råd, kan du også krevja å få overført personopplysningane direkte frå biblioteket til ein annan som kan handsama opplysningane.
Klageorgan
Dersom du meiner at biblioteket har handsama personopplysningane dine i strid med personvernlovene, kan du til ei kvar tid klaga til Datatilsynet.
Endringar
Denne fråsegna om personvern kan bli revidert av biblioteket viss det til dømes skjer endringar i personvernlova. Då vil ny fråsegn bli publisert på nettsida vår. Viss slike endringar får konsekvensar for personvernet ditt, vil dei bli gjort godt synlege, og du vil få høve til å gje eit nytt samtykke.
Kontakt
Dersom du ønsker meir informasjon om vår behandling av personopplysninger, kan du kontakta oss på bibliotek@time.kommune.no.