Rangling for Småsporvar arrangerer 9. juli ein ettermiddag med konsertar og aktivitetar for barn og familiar i parken ved Time bibliotek.
Me vil laga ein gild dag med musikkglede for barn og vaksne.
Festivalen har i år fokus på folketradisjonar.
Me har artistar som representerer ulik folkemusikk: Tuhaf spelar rock med tyrkiske folketonar.
Naaljos Ljom spelar norske folketonar med ein techno vri, og Tusmørke har i progrockmusikalen Bydyra laga eit moderne eventyr.
Det vil bli framsyning og opplæring i folkedans i parken.
Inne i biblioteket vil det bli filmvising av populære norske folkeeventyr, og eit populærvitskapleg foredrag med dr. Kristoffer Momrak om sumeriske gudar og menneskas opphav.
Meir variert program har me aldri hatt. Kom, kom kom, og sprei gjerne ordet om festivalen vidare!
Program med tider
11:00 Film – folkeeventyr – Bibliotek oppe
12:00 Tuhaf – Utescene
12:20 Lynkurs i folkedans – Parken
13:00 Naaljos Ljom – Utescene
13:40 Bydyra – Utescene
14:20 Sumeriske gudar og menneskas opphav – Bibliotek oppe
15:00 Elevar frå Time kulturskule og Klepp kulturskule – Utescene
Det blir i tillegg gilde leikar og aktiviteter i parken, og kafe i biblioteket.
Ønsker du å bidra med stort eller smått, aktivitet, støtte eller anna ta kontakt på ranglerock (@) ranglerock.no