Klassebesøk

Velkommen til biblioteket

Treng klassen lesestimulering? Tips om ferske barne- og ungdomsbøker? Har de lyst til å bli kjend med kva me har på biblioteket? Ta med klassen din på besøk!

Me tilbyr dykk eit ferdig opplegg.

Eit klassebesøk vil bestå av ein presentasjon av biblioteket og kva de kan låna her, informasjon om lånekort og regler, og det viktigaste: ein presentasjon av eit utval ferske bøker som me fortel om.

Deretter får de utforska hyllene og låne med dykk det dykk vil.

Ta kontakt på mail for å avtale besøket: bibliotek@time.kommune.no