Lag lånekort her

Lag digitalt nasjonalt lånekort 

Me anbefaler føresette å opprette lånekort til barna sine når dei byrjar i 1. klasse.
Du kan bestilla digitalt nasjonalt lånekort her, og i etterkant kan du komma innom og
knytta det til Time bibliotek.
Du må velga ein pinkode som du nyttar når du lånar på biblioteket.
Denne bruker du og når du loggar inn i bibliofil, lånar e-bøker og nyttar
andre digitale tenestar.

 

Du må alltid ha med lånekortet når du skal låne. Har du smarttelefon, finn du en
elektronisk utgåve av lånekortet ditt i Bibliofilappen. Appen kan du laste ned gratis i Play
Store eller Apple Store. Lånekortet er personleg og lånar er alltid ansvarleg for det som
vert lånt på kortet. Føresette er ansvarlege for materiale lånt av barn/ungdom under 18
år.

 

Alle med fast adresse i Noreg kan få lånekort. Lånarar under 15 år må ha underskrift frå
føresette. Lånarar over 15 år må visa legitimasjon. Skular, barnehagar og andre
institusjonar vert registrert på institusjonens namn, samt ein ansvarsperson. Personlege
lånarar vert registrert med fødselsnummer i nasjonalt låneregistar, og du kan nytta same
lånekort i alle landets offentlige bibliotek. Institusjoner får lokalt lånekort.