Lånekort

(Foto: Bergen offentlege bibliotek)

Lånekort

Alle med fast adresse i Noreg kan få lånekort. Lånarar under 15 år må ha underskrift frå føresette. Lånarar over 15 år må visa legitimasjon. Skular, barnehagar og andre institusjonar vert registrert på institusjonens namn, samt ein ansvarsperson. Personlege lånarar vert registrert med fødselsnummer i nasjonalt låneregistar, og du kan nytta same lånekort i alle landets offentlige bibliotek. Institusjoner får lokalt lånekort.

 

Du må alltid ha med lånekortet når du skal låne. Har du smarttelefon, finn du en elektronisk utgåve av lånekortet ditt i Bibliofilappen. Appen kan du laste ned gratis i Play Store eller Apple Store. Lånekortet er personleg og lånar er alltid ansvarleg for det som vert lånt på kortet. Føresette er ansvarlege for materiale lånt av barn/ungdom under 18 år.

Pinkode

Du må velga ein pinkode som du nyttar når du lånar på biblioteket. Denne bruker du og når du loggar inn i bibliofil, lånar e-bøker og nyttar andre digitale tenestar.

 

Digitalt nasjonalt lånekort

Du kan bestilla digitalt nasjonalt lånekort sjølv her, og i etterkant kan du komma innom på biblioteket å knytta det til Time bibliotek.