Les bøker og vinn premiar!

Bli med på Noregs største lesesirkel «Beste norske 2018-2020». Fire av landets fremste litteraturkritikarar

har kåra dei 15 beste norske skjønnlitterære utgjevingane frå 2018 til 2020.

Kvar måndag frå 6. september til 13. desember blir ei av bøkene presentert med omtaler av kritikarane.

Fyrste bok ut er Brit Bildøens «Tre vegar til havet».

 

Kom innom biblioteket, lån bøkene, ta med deg eit bokmerke og registreringsskjema.

Kryss av dei du har lese, og lever inn registreringsskjemaet innan 01.02.22.

Les du alle bøkene, er du med i trekninga av hovudpremien.

Du kan òg vinna flotte premiar ved å lesa ei eller fleire av bøkene.

 

Følg Facebooksida til «Beste norske 2018-2020» for meir tilleggstoff!