Denne veka lanserast Lesekalenderen i Jærbiblioteka! Lesekalenderen er ein papirkalender med 21 luker. Den er laga for å inspirera førskulebarna og foreldrene deira til å lese saman. Bak kvar luke skjuler det seg ein liten tekst både til barnet og den vaksne. Her finn de boktips og idear til å gjere lesinga til ei god oppleving for begge.

Lesekalenderen delest ut til alle barna som er fødd i 2015 og 2019 gjennom barnehagane i Klepp, Time og Sola kommune denne veka. Grunnen til at det er desse som får, er at dei er målgruppa i eit prosjekt som heiter Les meir ved ved barnehagestart og skulestart.

Andre kan henta Lesekalenderen på biblioteket. Frå og med laurdag 17. april kan den hentast gratis på alle Jærbiblioteka; Klepp, Time, Sola og Tananger.

Fredag 16. april kl. 18.00 sender me ein digital lanseringsfest frå youtubekanalen vår – så følg med då!

Lesekalederen er utvikla av Sola bibliotek i samarbeid med Lesesenteret i Stavanger