Time fotosamling

Time bibliotek har, i samarbeid med Jærmuseet, digitalisert nærare 10.000 bilete som ligg tilgjengeleg for
publikum i Digitalt Museum sin database digitaltmuseum.no  (Time bibliotek si fotosamling ligg under
Jærmuseet sin profil)

Her kan du enkelt bestilla bilete via nettsida ved å oppgi namn og adresse og kva dei skal brukast til (sjå

vilkår for bruk under). På nettsida kan du også leggja inn kommentarar viss du har nye opplysningar til
biletteksten, eller om du finn feil i informasjonen knytt til bileta.

 

Fotosamlinga til Time bibliotek består av fleire undersamlingar:
  • Time bibliotek hadde ansvar for innsamling av gamle fotografi frå innbyggjarane i kommunen i tidsromet 1984-1990. Samlinga består av 3016 bilete frå før 1960. Inneheld amatørbilete og ateliérfotografi.
  • Ei oppnemd boknemd hadde ansvar for innsamling av fotografi frå innbyggjarane i kommunen til bruk i seksbandverket Time gard og ætt. Samlinga består av 4397 bilete frå siste del av 1800-talet fram til tusenårsskiftet. Inneheld amatørbilete og ateliérfotografi.
  • Peder Netland (1892-1991) var bonde, elektrikar og montør og ivrig amatørfotograf. Dei tidligaste bileta hans er frå før 1920, dei siste frå rundt 1960. Han fotograferte både heime, i nærmiljøet og på turar med bil rundt omkring i landet. Samlinga består av 1645 fotografi, alle amatørbilete.
  • Widerøe-samlinga består av 613 flyfoto frå gardar og tettstader i Time kommune. Fotografert i 1950-åra (svart/kvit) og 1960-åra (farge).
Bøker knytt til Time bibliotek si fotosamling:

Time kommune (1993): TIME. Bilete gjennom 100 år
Time kommune (2003-2012): Time gard og ætt (I-VI)
Lisabet Risa / Time historielag (2018): Med blikk og kamera

Vilkår for bruk av fotografi frå Time bibliotek si fotosamling:

 

  1. Fotografen eller biblioteket har alle rettar til alle bileta i samlinga. Bileta kan ikkje brukast utan samtykke frå  fotografen eller Time bibliotek.
  2. Den som bestiller bilete, kjøper berre retten til å bruka det i avtalt samanheng. Skal biletet brukast i annan samanheng ein annan gong, må dette avtalast med biblioteket.
  3. Ved bestilling av bilete reknar me kr 150 i administrasjonsutgifter for det første biletet, kr 50 pr stk for dei påfølgande i same bestilling.
  4. I tillegg vert det pålagt kr 500 i avgift for bilete som skal brukast i kommersielle samanhenger. For bruk innan vitskap, til museumspublikasjonar og lokalhistorisk litteratur reknar me ingen avgift utover administrasjonsutgifter.
    Det er kjærkome viss biblioteket får tilsendt eitt eksemplar av ein eventuell publikasjon kor bestilte bilete er bruke.
  5. Bileta må ikkje endrast (retusjering, digital manipulering, beskjæring) utan samtykke frå fotografen / biblioteket.
  6. Ved offentleggjering av bilete frå samlinga må fotograf og/eller Time bibliotek krediterast. ( Fotograf / Time bibliotek) Jmf. Lov om opphavsrett til åndsverk  
  7. Time bibliotek sender bestilte bilete som datafiler til oppdragsgivar.