Hugs at elevane som kjem opp i level 40 og 50 kan kome til biblioteket og trekke lodd. Premien er gavekort på frozen yoghurt på M44!

Sommerles er ein lesekampanje for barn i 1. – 7. klasse, men og skulestartarar og dei som skal over på ungdomstrinnet. Målet er å lesa så mykje som muleg i løpet av kampanjeperioden (1. juni – 31. august) og å samle XP (poeng).

Deltakerne kan vinne både digitale troféer og små premiar som hentast på biblioteket.