Time bibliotek Ein oase for kunnskap og oppleving
Sjekk ut våre opningstider her >>>
Time bibliotek samarbeider med Klepp bibliotek og Sola bibliotek under nemninga Jærbiblioteka. Visjonen til Time bibliotek er «Ein oase for kunnskap og oppleving». Biblioteket er samlokalisert med Garborgsenteret. Me ligg like ved høghuset og næringssenteret Forum Jæren ved jernbanestasjonen på Bryne, og er næraste nabo til Bryne vidaregåande skule. Me er ein stad kor publikum kjem for å låna bøker, som er kjerneverksemda i biblioteket, men dei får og eit stort og variert tilbod gjennom arrangement for store og små, unge og eldre. Programmet vårt består mellom anna av: litterær lunsj, foredrag, konsertar, debattar, film- og teaterframsyning for barn og mykje meir.
Time bibliotek tilbyr også gratis lån av studieceller og møtelokale i opningstida, og ein lesesal ein kan benytta etter stenging, med toalett og eigen utgang. Me tilbyr utleige av Storsalen til ulike arrangement – både for bedrifter, organisasjonar og privatpersonar. Sjå leigeprisar her: Lån og leige av lokale | Time bibliotek
Du kan kontakta oss på telefon: 51 77 61 70 eller e-post: bibliotek@time.kommune.no
Me er også å finna på Facebook og Instagram.