Studierom

 

Time bibliotek tilbyr tre møterom, ein stille lesesal og tre studieceller.

Studiecellene har plass til ein person per rom. Den eine cella er basert på “første mann til mølla” prinsippet. Dei to andre kan ein reservere frå dag til dag ved å skrive namnet sitt på ei liste som henges ved dørene kvar veke.

Møteromma har plass til fleire personar. Du kan reservere romma på ei liste utanfor døra innanfor den veka du er i. Dersom du ønsker å reservere møterom lengre fram i tid, kan du kontakte oss.
Haugkallen rommer om lag 6 personar. Rommet er tilknytta toalett, samt eigen utgang via stille lesesal. Ein kan derfor benytte rommet etter stengetid.
Stille lesesal er rommet kor du kan arbeide i fred. Rommet har eigen inngang. Du kan reservere nøkkelkort i skranka som kan benyttast til å låse seg inn utanom bibliotekets opningstider.

Haugtussa 1 og Haugtussa 2 rommer om lag 6 personar kvar. Desse romma kan slås saman til Haugtussasalen.
Då er det plass til om lag 10-15 personar, alt etter korleis ein rigger til. Her er og mulegheit for å koble pc til skjerm.

I tillegg til studieromma, kan du og nytta borda rundt i biblioteklokalet til studieplass.