Kva viss du får beskjed om at slekta ikkje er fullt så norsk som du trudde?
Ein knallfin og personleg grafisk fortelling om eit Lebensborn barn som vert adoptert til Frankrike. Isabelle Maroger forteller og tekner om moras historie; korleis dei trudde ho var heilt norsk, men det viste seg at ho faktisk var ein del av Lebensborn-programmet.
Boka er oversett frå fransk, og er lettlest.
Ho minner litt om boka Heimatt i utføringa.
Anne T. Frick
Time bibliotek