Personvern

Denne personvernerklæringa fortel om korleis Biblioteket samlar inn og brukar personopplysingar. Vi gjer vårt beste for å verne personopplysingane dine, også dei som ikkje er sensitive. Med personopplysingar siktar ein til opplysingar og vurderingar som kan knyttast til deg som enkeltperson.

Behandlingsansvarleg

Biblioteket, ved Biblioteksjefen, er ansvarleg for behandlinga av personopplysingar i samband med våre tenester.

Versjonar

Dette er versjon 2.3 av personvernerklæringa. Ho blei publisert på timebibliotek.no/nn/personvern den 08.11.2023.

Kven deler vi opplysingane våre med?

Personopplysingane dine blir gjort tilgjengeleg for tilsette som treng å sjå dei for å kunne utføre funksjonane sine på biblioteket som gjeld tenestene du har bede om eller har avtalt å bruke. Biblioteket nyttar tredjepartsleverandørar til å utføre enkelte funksjonar eller for å tilby enkelte tenester på våre vegner. Biblioteket har inngått databehandlaravtalar med alle databehandlarane sine for å sikre at personopplysingane dine blir behandla på rett måte.

Nettsider og app

Informasjonskapslar (cookies) og webstatistikk

Nettsidene er utvikla av Biblioteksentralen i samarbeid med biblioteket. Informasjonskapslar (cookies) er små tekstfiler som blir plasserte på datamaskina di når du lastar ned ei nettside. Biblioteksentralen brukar ikkje cookies til å generere statistikk. Vi kan dermed ikkje spore bruken din av nettstaden tilbake til deg som enkeltperson.

Nettsidene nyttar Plausible som analyseverktøy for å samle inn opplysingar om dei som besøker nettsidene våre. Plausible nyttar ikkje informasjonskapslar og all data om besøkjande er anonymiserte.

Appen Biblioteket er utvikla av Redia og brukar Google Analytics som analyseverktøy. Det blir ikkje nytta cookies i appen.

Sikker nettstad

Biblioteksentralen nyttar HTTPS for å sikre nettløysingane våre mot hacking. HTTPS gjer at kommunikasjon mellom nettlesaren i datamaskina di/den mobile eininga di og serveren som driv nettstaden skjer på ein sikker måte.

Eksterne lenker

Biblioteket er ikkje ansvarleg for personvern på direktekoplingar utanfor nettsidene til biblioteket.

Personopplysingar som blir samla inn

Følgjande data blir behandla:

  • Namn, postadresse, e-postadresse, fødselsdato og telefonnummer
  • Innloggingsopplysingar
  • Aktive lån, reservasjonar
  • Lånehistorikk, dersom det er gitt samtykke til dette
  • Uteståande gebyr og titlar knytt til gebyr
  • Meldingspreferansar
  • Titlar i hugseliste

Mine sider / biblioteksystem

Innlogging på Mine sider / Mappa mi baserer seg på data frå kjernesystemet til biblioteket. Personvernerklæring for dette finner du her.

Anna relevant informasjon

Jærbibliotekas personvernerklæring

Jærbiblioteka (Sola, Klepp og Time), 07.10.2022

1. Jærbibliotekas personvernerklæring for tilhøve knyta til lånekonto.
Jærbiblioteka er opptatt av å trygga og respektera ditt personvern. Derfor behandlar me dine personopplysingar i samsvar med personopplysingslova og den til ei kvar tid gjeldande lovgiving. I denne personvernerklæringakan du lesa om dine rettar og kva slags personopplysingar me tar imot, samlar inn og behandlar når du nyttar deg av Jærbibliotekas tilbod og tenester som er knyta til lånekontoen.

Med personopplysingar meiner me opplysingar og vurderingar som kan knytast til deg som enkeltperson.

Me oppfordrar deg til å lesa nøye gjennom denne personvernerklæringa.

1.1. Behandlingsansvarleg

Jærbiblioteka, ved biblioteksjefane i Klepp, Time og Sola, er ansvarlege for behandlinga av personopplysingar i samband med våre tilbod og tenester.

Dersom du har spørsmål eller anna relatert til denne personvernerklæringa, kan du kontakta personvernombodet i din kommune:

Sola kommune: personvernombud@sola.kommune.no

Klepp kommune: personvern.ombud@klepp.kommune.no

Time kommune: personvernombod@time.kommune.no

1.2. Kva er formålet med Jærbibliotekas behandling av dine personopplysingar?
Det er frivillig å gi personopplysinganeJærbiblioteka behandlar. Men fleire av Jærbibliotekas tilbod og tenester krev at ein har lånekonto. Når du registrerer deg som lånar, må me registreranokre av dine personopplysingar. Me lagrar og behandlar desse personopplysingane for å administrera dine lån og gi deg tilgang til diverse tilbod og tenester.

1.2.1 Formålet med kameraovervaking
Formålet med bruk av kamera i samband med Meirope bibliotek er å sikra besøkande og tilsette mot alvorleg eller gjentatt kriminalitet som går utover liv og helse. Opptak kan utleverast til politiet for oppklaring av lovbrot.

1.3. Kva er det rettslege grunnlaget for Jærbibliotekas behandling av dine personopplysingar?

I «Lov om behandling av personopplysninger», kapittel II artikkel 6 punkt 1 a), står det at behandlinga er lovleg dersom “den registrerte har samtykket til behandling av sine personopplysninger for ett eller flere spesifikke formål”. Som allereie nemnt lagrar og behandlar me personopplysingar for å administrera dine lån og gi deg tilgang til diverse tilbod og tenester. Personopplysingane blir altså lagra og behandla fordi det er nødvendig for å oppfylla ein avtale med den registrerte. «Avtalen» er kontrakten du fyller ut når du registrerer deg som lånar, og ved å signera denne, gir du Jærbiblioteka tilgang til personopplysingane du gir frå deg og samtidig gir du deg sjølv tilgang til Jærbibliotekas tilbod og tenester som er knyta til lånekonto.

1.3.1. Rettsleg grunnlag for kameraovervaking

Det rettslege grunnlaget for kameraovervaking i Meirope biblioteker interesseavveging (Artikkel 6(1) f). Behandlinga er nødvendig for ein berettiga interesse som overstig personverninteresser. Avveginga i denne samanhengen er den enkeltes personvern satt opp mot tryggleikstiltak for dei som oppheld seg i biblioteka i meiropen tid. Me vurderer at Jærbiblioteka har eiberettiga interesse fordi liv og helse veg tyngre enn personvernet på desse tidspunkta.

1.4. Kva slags personopplysingar blir registrert og behandla?

Når du registrerer deg som lånar, registrerer me følgande personopplysingar:

• Ditt namn og etternamn.

• Kontaktinformasjon, som postadresse eller folkeregistrert adresse, e-postadresse og telefonnummer.

• Din fødselsdato, fordi den bestemmer kva slags rettar du har, kva du kan låna og kva tilbod og tenester du kan nytta deg av. Til dømes er det slik at nokre medium, tilbod og tenester har aldersgrense.

• Ditt fødselsnummer/D-nummer/DUF-nummer fordi den fortel oss kven du er og sikrar at ingen kan misbruka din identitet. I tillegg bruker me fødselsnummer/D-nummer/DUF-nummer for å kobla deg opp mot nasjonalt låneregister for bibliotek. Det er Nasjonalbiblioteket som behandlar personopplysingar i det nasjonale låneregisteret. Sjå deira personvernerklæring her: https://www.nb.no/personvernerklaering/#nasjkort

Data blir lagra i vårt biblioteksystem, BIBLIOFIL.Personvernerklæring fra systemleverandøren Biblioteksystemer finn du på http://bibliofil.no/personvernerklaring.html.

1.5. Din rett til å krevja innsyn, retting, sletting, avgrensing av behandling og dataportabilitet

Det er til ei kvar tid mogleg for deg å få innsyn i dei opplysingane som er registrert om deg når du er innlogga på din lånekonto i Bibliofil. Der kan du òg endra opplysingane. Du kan når som helst avslutta medlemskapen. Men merk at lån fyrst må leverast, og uteståande gebyr og eventuelle erstatningskrav må betalast før medlemskapen kan avsluttast (sjå meir info om gebyr og erstatningskrav i lånereglement).

1.6. Brukarhistorikk og brukardata knyta til lån ved bruk av lånekonto

Bruken av lånekontoen din blir registrert for å administrera dine lån og din tilgang til dei av Jærbibliotekas tilbod og tenester som er knyta til lånekontoen. Dette er nødvendig for at Jærbiblioteka skal kunne oppfylla avtalen me har med deg. Historikk på lån blir sletta så snart materiellet er levert og uteståande knyta til lånet er avslutta, med mindre du sjølv aktivt har vald å ta vare på brukarhistorikken.

1.6.1. Samanstilling av brukardata og andre personopplysingar ved samtykke

Dersom du samtykker til det, kan Jærbiblioteka behandle, oppbevara og samanstilla din brukarhistorikk og dine brukardata med andre personopplysingar du sjølv har oppgitt, slik som ditt namn, adresse og din fødselsdato. Desse opplysingane vil inngå i ein personprofil.

Formålet med denne behandlinga er:

• Å gjera din brukarhistorikk tilgjengeleg for deg til ei kvar tid.

• Å tilby deg tenester som er skreddarsydde til din personlege profil. Til dømestilrådingar basert på dine tidlegare lån.

Med brukarhistorikk og brukardata meiner me at me lagrar informasjon om din bruk av dei av Jærbibliotekas tilbod og tenester som er knyta til lånekontoen. Dette kan til dømes vera dato og klokkeslett for utlån og innlevering, og kor du lånte eller leverte inn.

Nokre av Jærbibliotekasine tenester vil berre fungera dersom Jærbiblioteka samanstiller din brukarhistorikk/brukardata med andre personopplysingar du sjølv har oppgitt. Dette gjeld personaliserte tenester som til dømes tilrådingar basert på dine tidlegare lån. Behandlingsgrunnlaget for denne oppbevaringa og behandlinga er samtykke. Du kan gi samtykke ved oppretting av konto eller til ei kvar tid på Min side.

Du kan når som helst trekka samtykket tilbake, og krevja at brukarhistorikken og brukardataeneblir sletta i samsvar med personvernlovgivinga. Du kan framleis bruka dei fleste av tenestene våre dersom du ikkje gir samtykke, og me vil gjera det lett for deg å trekka tilbake samtykket på eit seinare tidspunkt dersom du ønsker det.

1.7. Personvern for tenester via din lånekonto

1.7.1. Personvern for MEIROPE bibliotek

Når ein har lånekonto ved Jærbiblioteka, kan ein få tilgang til meirope bibliotek.

1.7.1.1. Kva er meirope bibliotek?

Meirope bibliotek er ei sjølvbetjeningsløysing som gjer at dei som har lånekonto og er over 15 år kan låsa seg inn i biblioteket, innanfor gitte tidspunkt utanfor bemannaopningstid.

1.7.1.2. Kva er formålet med Jærbibliotekas behandling av dine personopplysingar?

Det er frivillig å gi personopplysingane Jærbiblioteka behandlar. Men for å kunna nytta seg av Meirope bibliotek, må ein skriva under ein kontrakt før ein får tilgang.

Formålet med å registrera dette er å forsikre oss om at brukaren har lånekonto, at dette stemmer overeins med framvist legitimasjon, at brukaren er over 15 år, og få godtgjort at brukaren har lese gjennom og godtatt vilkåra i kontrakten. Av omsyn til di tryggleik, og for å beskytta bibliotekets inventar og utstyr, er biblioteklokalet videoovervaka medan det er meirope. Opptak blir oppbevart og sletta etter reglane i personvernlovgivinga.

1.7.1.3. Kva slags personopplysingar blir lagra?

I kontrakten brukaren fyller ut og signerer, registrerer me brukarens fødselsdato, namn og lånekortnummer. På lånekontoen vil me registrera at brukaren har tilgang til sjølvbetjent bibliotek. Når brukaren loggar inn, lagrarme lånekortnummer, PIN-kode, tidspunkt og bilete av brukaren som loggar seg inn. Når brukaren forlet området, registrerer me bilete av brukaren. Overvakingskamera er i drift heile døgnet, men lagrar berre ved rørsle i meirope tidsrom. Informasjon om alle innloggingarblirlagra og sletta etter reglane i personvernlovgivinga. Opptak frå overvakingskamera blir i samsvar med personvernlovgivingasletta etter éiveke.

1.7.2. Personvern for e-boktenestaAllbok

Når du har lånekonto ved Jærbiblioteka, har du tilgang til e-boktenestaAllbok, utvikla og drifta av Bokbasen. Me ber deg lesa gjennom Allboks personvernerklæring: https://support.allbok.no/hc/no/articles/360011008820-Personvern-og-datasikkerhet

1.7.3. Personvern for www.sommarles.no

I den årlege sommarleskonkurransen for barn 1.-7. trinn registrerer barnet ein brukarkonto på nettsida www.sommarles.no. Deira brukaravtale og personvernerklæring kan du lesa her: https://sommerles.no/?avtale&lang=nb

1.7.4. Personvern for databasar i «min side»

Når du har lånekonto ved Jærbiblioteka, har du òg tilgang til ei «Mi Side» på Jærbibliotekas nettsider og i Bibliofil-appen. Sjølv om du har tilgang til databasar i “Mi side”, der persondata blir lagra, blir ikkje persondata med inn i databasane. Brukarane får tilgang til databasane via Jærbibliotekas lisensar. Her er lenke til deiulike databasanes personvernerklæringar:

Press Reader (Library Press Display): https://care.pressreader.com/hc/en-us/articles/205818089-Privacy-Policy

Filmbib: https://filmbib.no/privacypolicy

Bokhylla.no/Nasjonalbibliotekets digitale arkiv: https://www.nb.no/personvernerklaering/#soke

1.8. Klageorgan

Dersom du meiner at Jærbiblioteka har behandla dine personopplysingar i strid med personvernlovgivinga kan du til ei kvar tid søka bistand hos personvernombodet i dei respektive kommunane. Sjå kontaktinfo i punkt 1.1. Ei klage sendast til Datatilsynet. Les meir om dette her: https://www.datatilsynet.no/om-datatilsynet/kontakt-oss/klage-til-datatilsynet/

2. Personvern for billettsalløysingar
Jærbiblioteka Klepp og Time nyttar seg av tenestene til TicketCo ved sal av billettar til Jærbibliotekas arrangement. Her er TicketCo’s personvernerklæring: https://ticketco.events/no/en/m/legal_terms_ticketbuyers

Sola bibliotek nyttar seg av Sola kulturhus sine billettenester, pr i dag levert av Tix. Her er Tix sin personvernerklæring:.https://tix.no/nb/lightbox/privacypolicy/

Har du spørsmål til korleis vi behandlar personopplysingar?

Alle har rett til grunnleggande informasjon om behandlinga av personopplysingar i ei verksemd etter personopplysningsloven § 18, 1. ledd. Biblioteket har gitt informasjonen i erklæringa, og vil vise til denne ved eventuelle førespurnader.

Alle som er registrerte i eitt eller fleire av Biblioteket sine system har rett på innsyn i eigne opplysingar. Du har òg rett til å be om at feilaktige, ufullstendige eller opplysningar biblioteket ikkje har tilgang til å behandle blir retta, sletta eller supplerte.

Klageorgan

Dersom du meiner at Biblioteket har behandla personopplysingane i strid med personvernlovgivinga kan du alltid klage til Datatilsynet.

Endringar

Biblioteket kan revidere denne personvernerklæringa dersom det skjer endringar i behandlinga av personopplysingar, eller ved endringar i gjeldande lovgiving. Når personvernerklæringa blir endra, vil den nye personvernerklæringa bli publisert på nettsidene våre.

Kontaktinformasjon

E-post: bibliotek@time.kommune.no