Dette er ein moderne amerikansk klassikar og blant dei beste bøkene eg har lese.
Hovudpersonane prøver å rive seg laus frå eit småborgarleg, middelklasseprega og monotont forstadsliv. Boka skildrar korleis det er å sitje fast i eit liv ein ikkje lenger vil ha og forsøke å kome seg ut av det.
Boka kom ut i 1961 og blei tekne imot som ei litterær sensasjon, og er like aktuell i dag. Ho kjennest som om ho blei skriven i går.
Begjær, tapt, gjenfunnet livsglede, nostalgi og lengsel etter fortiden er gjennomgåande tema.
Boka gir eit nyansert og realistisk innblikk i eit skakkjørt forhold. Språket gjer personane så levande og realistiske. Eg likte godt perspektivskifta mellom karakterane, som gjer at ein får sjå dei ulike sidene av konfliktane dei står i.
Eg har aldri lese ei bok som har skildra krangling og dårleg stemning mellom eit par så godt som denne.
Ove Martin Mellemstrand
Time bibliotek
Om boka
Året er 1955 og vi møter ekteparet April og Frank Wheeler, bosatt i en gate i en forstad til New York. Frank jobber i markedsavdelingen i et stort firma, mens April er hjemmeværende. Ingen av dem føler at de har havnet der de hadde tenkt: Frank skulle bli stor forfatter, mens April drømte om et yrke som skuespiller. Men det er når de begynner å endre på situasjonen at desperasjonen og den indre panikken for alvor kommer til overflaten. Dette er en amerikansk tragedie og en tidsstudie over 50-tallets Amerika.