Blakk
Jens Kihl
"Eg kan ikkje. Eg er blakk."
Ei kort og grei debattbok, som gjev rom for refleksjon. Med utgangspunkt i eigen oppvekst tek forfattaren oss med på ei utforsking av begrepet fattigdom. Samstundes er det ei djupt alvorleg bok. Om korleis samfunnet og haldningar har endra seg siden starten på 90-talet. Om dei rike som blir rikare, og dei fattige som blir fattigare.
Boka er verd å lese, om enn berre for det fantastiske kapittelet om biblioteka!
Anne T. Frick
Time bibliotek
Om boka
Gjer deg klar til å bli rørt, sint og inspirert til å tenke nytt om Forskjells-Noreg. «Stort sett har det vore tverrpolitisk aksept for at nye generasjonar ungar skulle vekse opp med dårleg råd. Kva gjer det med eit barn å sjå at Noreg har pengar til nesten alt – berre ikkje til dei?» Spørsmålet er stilt av Jens Kihl, som sjølv vaks opp med ei mor som ofte var blakk. Men det var først då dei flytta til Ullevål hageby på Oslos vestkant, at han fekk oppleve Forskjells-Noreg i praksis. I denne boka tenkjer han tilbake på desse opplevingane og snakkar med mora om korleis ho hadde det. Resultatet er blitt ein skarp samfunnsanalyse og ei ærleg skildring frå ein uvanleg oppvekst. Eller var han så uvanleg? Det prøver denne boka å svare på.