Til leseforslag
Omslag: "Den dagen Nils Vik døde : roman" av Frode Grytten
Vaksne

Den dagen Nils Vik døde

Frode Grytten

RomanerEldre menn Passasjertransport – sjøfart Vestlandet
Bestill

Anbefaling

Ein feelgood-roman om døden.

Det er spennande å sjå tilbake på livet til Nils Vik og passasjerande hans. Forteljinga har fine stemningar og vakker historie. Boka skildrar både det høge og det låge. Fine skildringar av mennesker og vestlandsnatur. Ei melankolsk, fin, varm, vemodig, eksistensiel, vakker og nostalgisk forteljing om kvardagsmennesket. I følge Arne Henning Skaug frå Drammen bibliotek er dette ein feelgood-roman om døden. Boka er vinnar av Brageprisen 2023 og nominert til Bibliotekets litteraturpris 2024. Ei flott leseroppleving.

Om boka

Over fjorden går han. Over fjorden utan å nøle. Over fjorden som så mange gongar før. Seint og tidlig. Morgon og kveld. I storm og stille. Mot aust og mot vest. Bare måsane følger han, dei mumlar og klagar, verkar unaturlig kvite der dei heng over båten. Nils Vik snur seg. Huset glir straks ut av syne. Neste gong han snur seg, vil han ikkje kunne sjå det. I hjartet av Norge legg ein båt frå land. Vi følger Nils Vik på hans siste reise. Han er ein enkel mann med ein enkel jobb. Han skal få folk over fjorden med båten sin, han skal få dei heim igjen. Men det som ser enkelt ut, viser seg gjerne å vere meir komplisert. "Den dagen Nils Vik døde" er som ein dødsmeditasjon over eit liv og eit landskap. Det er ein roman om ein mann som berre har elska ei kvinne, og som elsker henne framleis, og som nå legg ut på si siste reise.

Kontakt

Sånn bruker du biblioteket

Time kommune
Ansvarleg redaktør: Anne Tjørhom Frick
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygd med Libry Content