Omslag: "Odelsskam : å gje slepp på ein gard etter femten generasjonar" av Maria Lavik
Bok
Ungdom
Vaksne

Odelsskam

Maria Lavik

SjølvbiografiarOdelsrett - Noreg Maria Lavik 1984-
Reserver

Kva er det med forventningane rundt odel?

Ein reflektert og kjenslefull tekst om å vekse opp på gard, og kva som skjer når livet førar deg lengre frå oppveksten. Skal ein då ta over garden, når tida kjem, om ein er odelsjente (eller odelsgut, for den saks skuld)? Høyrte du ikkje Maria Lavik sitt foredrag om odel og odelsskam på Garborgdagar i 2025, kan du låne boka hennar hjå oss no.

Om boka

I boka Odelsskam skildrar odelsjenta Maria Lavik oppveksten på eit småbruk på Vestlandet. Ho veks opp med sauesanking, store avstandar, bokbuss annankvar torsdag og historier om ei livskraftig og motkulturell slekt. Men alt som sekstenåring flyttar ho ut. Burde ho koma tilbake? Odelsskam skildrar ein gard, ein plass og ein tilstand som held på å gleppa mellom hendene på forfattaren. Boka skildrar den evige reisa som mange utflyttarar er på, i stadig rørsle mellom bygda og byen, mellom «heim» og heim. Samanvoven med hennar historie er den særnorske, over tusen år gamle odelsretten. Lova som koplar jorda og slekta saman til ein nesten heilag symbiose. Odelsskam er ei nær og rørande historie om tradisjonar og endring.