Forfattarbesøk: Agnes Ravatn i samtale om «Doggerland»

Samtale, debatt og foredrag
Vaksne

Bokbad med Agnes Ravatn om den populære boka «Doggerland»!

Bilete av Agnes Ravatn og forsida av boka hennes Doggerland.
Foto: Agnete Brun
Bilete av Agnes Ravatn og forsida av boka hennes Doggerland.
Foto: Agnete Brun
Bilete av Agnes Ravatn og forsida av boka hennes Doggerland.
Foto: Agnete Brun

Arrangementet krev billett

Dato

laurdag, 28. mars

Tid

13:00 - 14:00

Stad

Time bibliotek - Storsalen

Arrangørar

Rogaland fylkesbibliotek

Time bibliotek

Kjøp billettLegg til i kalender

Bli med inn i romanen Doggerland, der det tradisjonsrike og familieeigde forlaget Høst står framfor eit generasjonsskifte. Kven skal ta over styringa, og korleis kan forlaget overleva i ei tid prega av lesekrise og beinhard kommersialisering? Spørsmålet utløyser maktkamp, intrigar, satire og avsløringa av ei mørk familiehemmelegheit …

Agnes Ravatn er ein av dei mest folkekjære forfattarane frå Rogaland. Vindafjordingen har skrive romanar, essay og sakprosa, og er kjend for dei skarpe observasjonane sine, kvardagsironi og ei særeigen blanding av humor og alvor. Ho vart nominert til Brageprisen for Folkelesnad (2011) og fekk sitt nasjonale og internasjonale gjennombrot med romanen Fugletribunalet (2013).

Ravatn skal samtala med Stig Beite Løken frå Rogaland fylkesbibliotek.

Billettpris kun kr. 50,-!

Forfattarbesøk: Agnes Ravatn i samtale om «Doggerland» | 28. mars 13:00 | Time bibliotek