Lever vi i ei ny mellomkrigstid?
2026 er Totalberedskapsåret. Men kva er det me skal førebu oss på?
Arrangementet krev billett
Dato
Tid
Stad
Time bibliotek - Storsalen
Arrangør
Jæren SeniorUniversitet
Billettar
I følge programmet for våren, skulle Roger Sevrin Bruland halde foredrag oss denne dagen. Men han har dessverre meldt forfall.
I staden har me vore heldige og fått Sven Egil Omdal til å koma og halda foredraget "Lever vil i ei ny mellomkrigstid?"
Mykje i nyheitsbildet verkar som eit ekko frå 1930-talet. Den gongen greidde ikkje verda å unngå den store katastrofen.
Sven Egil Omdal har skrive boka «1936. Året da alt skjedde» og vil snakka om parallellane til vår tid, og hva vi kan læra av det som gjekk gale den gongen. Kva må gjerast for at det ikkje skal skje igjen?
Sven Egil Omdal (f.1953) har bak seg ei lang karriere som pressemann, blant anna som redaktør i Vårt Land og Aftenbladet. Han har vore leiar i Norsk Journalistlag og Pressens Faglige Utvalg (PFU), og har skrive ei rekke bøker. Blant dei siste er "Byen som formet Norge" (2020) om Stavanger og "Full beskjed" (2025) om Aftenbladets historie. Omdal har besøkt Jæren Senioruniversitet fleire gonger før, og dei som har opplevd han, veit at han er ein framifrå formidlar.