Arne Nævra: Naturopplevingar og naturtap

Samtale, debatt og foredrag
Vaksne

Kom og opplev naturfotografens tankar kring naturen og det som skjer med den.

bilete av Arne Nævra
Foto: Privat
bilete av Arne Nævra
Foto: Privat
bilete av Arne Nævra
Foto: Privat

Arrangementet krev billett

Dato

torsdag, 27. mars

Tid

11:00 - 13:00

Stad

Time bibliotek - Storsalen

Arrangør

Jæren SeniorUniversitet

Billettar

Medlemmer: Gratis. Ikkje-medlemmer: Kr 100 – som blir betalt ved inngangen.

Arne Nævra (f. 1953) er ein av Nordens mest profilerte naturfilmskaparar, kjend frå eit utal av program og seriar på NRK. Mange vil minnast seriar som «Villdyr og villmark», «Norske naturperler», «Norges villmarker» og «Min natur».

I mars, medan våren gryr over Jæren og trekkfuglane vender tilbake, får me oppleva den dyktige naturfotografen og engasjerte forteljaren i film og tale på Senioruniversitetet. Nævra er også rykande aktuell med ei ny bok, «Naturen og oss», der han skildrar både naturglede og natursorg etter mange tiår bak filmkameraet. Ja, etter fire år på Stortinget òg. Nævra sat nemleg frå 2017 til 2021 som representant for SV i Buskerud. Disse erfaringane har gitt Nævra stor uro for kva me gjer med naturen, gjennom stadig meir nedbygging av viktige areal, og han vil dela mange av desse tankane med oss.

Inngangspengar:

Medlemmer: Gratis.

Ikkje-medlemmer: Kr 100 – som blir betalt ved inngangen.

Vil du bli medlem i Jæren senioruniversitet?

Trykk på denne lenka: https://jaeren-senioruniversitet.no/bli-medlem/

Medlemskontingenten er kr 500 for eit kalenderår, og kr 250 for kun haustsemesteret.

Beløpet skal sendast til bankkonto: 3325.38.18609

Arne Nævra: Naturopplevingar og naturtap | 27. mars 11:00 | Time bibliotek