Barnearrangement: Musikksamling for små barn
Musikk og konsert
Barn
Koselig musikkstund for liten og stor.
Gratis - inga påmelding
Tine Suman Hodne er sangar, fløytist og kordirigent frå Stavanger. Ho er utdanna frå Høgskolen i Staffeldtsgate og Norges Musikkhøgskole. Tine har takka vere si interesse for musisering for og med barn lang erfaring med babysang og musikkaktivitetar for- og med dei aller yngste, mellom anna i Elefantteateret og gjennom Barnas kulturverksted. Ho arbeider i tillegg som utøvande sangar, dirigent og pedagog.
Tine inviterer alle barn frå 0-3 år til ei koselig musikkstund kor musikkglede og omsorgsfullt felleskap står i fokus. Gjennom sang og rørsle skapar me eit merksamt nærvær mellom liten og stor.