Billedkunst - er det så viktig eigentleg?
Gode kunstopplevingar kjem ikkje rekande på ei fjøl.
Arrangementet krev billett
Dato
Tid
Stad
Time bibliotek - Storsalen
Arrangør
Billettar
Gjennom meir enn 50 år har Bryne kunstforeningar arrangert kunstutstillingar for Jærbuen, hatt arrangement og prosjekt som har formidla visuell kunst. Høg kunstnarleg kvalitet har alltid kjenneteikna Bryne kunstforening. Kva betyr det, er det ikkje kvar og ein som får ta stilling kva kunst som er bra?
Du visste det kanskje ikkje, men det var Bryne kunstforening som stod bak det som har blitt Brynebyens visuelle profil frå vest. Kunstverka av Pøbel og Claudio Ethos var eit vesentleg moment når Bryne vart nominert som Noregs mest attraktive by.
Pass på, planar om utbygging i området kan koma til å øydelegga dette synet. Er det bra for Bryne?
Sigvart Zachariassen er leiar for Bryne kunstforening.
Inngang: Kr 200 / 100(medl.) / 50(student)
Billettar vert selt i døra, kontant betaling eller Vipps!
Alle er velkomne!