Til arrangement

Boklansering: "Kjære mi tid" med Heidi Harboe

Litteratur og forteljing
Vaksne

Heidi presenterer den nye diktboka si. Torhild Nødland gir tekstane musikalsk tonefylgje.

Bilde av forfattar Heidi Harboe
Bilde av forfattar Heidi Harboe
Bilde av forfattar Heidi Harboe

Gratis - inga påmelding

Dato

tys 21. november 2023

Tid

19:00 - 20:00

Stad

Time bibliotek - Storsalen

Arrangør

Time bibliotek

Heidi presenterer den nye diktboka si, “Kjære mi tid”, og vil også lesa tekstar frå ho. Torhild Nødland vil gje tekstane musikalsk tonefylgje frå pianotangentane. Det vil bli høve til å kjøpa boka i etterkant av

arrangementet.

“Kjære mi tid. Dette gamle uttrykket blei ofte brukt når ein vart overraska over noko. Det har kanskje til og med ein litt negativ klang, eit eller anna har provosert fram eit mildt kraftuttrykk…

Eg oppdaga plutseleg desse tre orda på ny. Eg tenkte at det å kjærteikna tida si og snakka fint til henne, det burde me gjera oftare. Tida er alltid akkurat nå. Til ei kvar tid er me på det einaste punktet i livet der

me kan gjera noko med akkurat det sekundet me er inne i, før me pustar ut att, og tida har gått vidare.

At tida går er det sikkert fleire enn meg som har oppdaga. Det som skjedde for bare litt sidan kan visa seg å vera ti år tilbake i tid når me tenkjer nærare etter. I denne boka inviterer eg deg inn i mi tid, både den

som har vore, den som er her medan du les dette, og den tida som skal koma. Her møter du tekster som handlar om barndom, klasserom, sorg, frykt, glede, den merkelege koronatida og årstider. Som eit anna

gammalt uttrykk seier: Det er ei tid for alt.” -Heidi Harboe

Stad: Storsalen | Tid: Kl. 19.00 | Gratis

Kontakt

Sånn bruker du biblioteket

Time kommune
Ansvarleg redaktør: Anne Tjørhom Frick
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygd med Libry Content