Foredrag: På høye hæler i Amerika
Utvandringa til Amerika frå unge ugifte kvinners perspektiv.
Gratis - inga påmelding
Dato
Tid
Stad
Time bibliotek - Storsalen
Arrangør
Siv Ringdal er forskar og forfattar med en doktorgrad i kulturhistorie. Ho er til dagleg tilsett som førstekonservator i Stiftelsen Norsk Folkemuseum. Siv har skrive flere bøker og laga ei rekke utstillingar om utvandringa frå Noreg til Amerika. Ho er spesielt oppteken av 1900-talets migrantar og deira materielle kultur, og har arbeida mykje med kulturkontakten mellom Agder og Amerika. I 2018 ga Siv ut boka "På høye hæler i Amerika". Unge Agder-kvinner i etterkrigsåras New York som byggjer på hennar doktorgrad. Den norske forteljinga om utvandringa til Nord-Amerika har ofte handla om menn. I avhandlinga og boka sette Siv Ringdal søkjelyset på unge, ugifte kvinner som forlot etterkrigsåras Noreg og skapte seg nye liv i verdensmetropolen New York. Kva for erfaringar gjorde dei seg i møtet med det nye samfunnet og andre kvinnelege førbilde? Boka "På høye hæler i Amerika" fekk Sørlandets litteraturpris i 2019, og var inspirasjonen til Rune Belsviks teaterstykke Heimanifrå – på høge hæler i Junaiten som blei spela på Kilden teater i 2022. I 2025 er Siv aktuell med dokumentarfilmen «På høye hæler i Amerika», som Gunhild Westhagen Magnor har regissert og som er produsert av Them Girls Film.