Samtale, debatt og foredrag
Haugianerne
Trygve Riiser Gundersen tek oss med inn i si kritikarroste bok om haugianarane.
Arrangementet krev billett
Dato
Tid
Stad
Time bibliotek - Storsalen
Arrangør
Billettar
I oktober 1804 gjekk det ut arrestordre på ein farleg «person fra Norge», ein opprørar som i årevis hadde spreidd ei lære like truande for «ethvert Individ som for Staten og det almindelige Vel». Den etterlyste var ein viss «Hans Nielsen Houge». Rørsla det var snakk om var haugianismen.I dag er både Hauge og haugianarane trygt plassert i sentrum av den norske historien. I 1804 såg alt annleis ut.
Kva slags rørsle var eigentlig haugianismen? Kva røynsle sprang ho ut av? Kva var staten og embetsmennene så redde for? Og kor har denne redsla blitt av sidan?
I samtale med Tom Hetland tek Trygve Riiser Gundersen oss med inn i si kritikarroste bok om haugianarane, og fortel om forkynnaren, entreprenøren og opprøraren Hans Nielsen Hauge.
Inngang: Kr 100(medl.) / 200(ikkje-medl.) / 50(student)
Vel møtt til alle!