Jæren frå brunt til grønt til svart?
Tida er komen for å bli jærbuar på ein ny, meir merksam og klokare måte.
Arrangementet krev billett
Billettar
Takka vere massiv nydyrking dei siste to hundre åra, har Jæren skifta farge frå brunt til grønt. I dag gir jærjorda store avlingar med gras, poteter, korn og grønsaker. Så, for berre 50 år sidan, skifta det økonomiske grunnlaget frå jord til olje, og tanken om tilsynelatande grenselaus vekst beit seg fast.
Men måten den handlekraftige jærbuen tenkjer «vekst» på kjem med ein høg pris. Så høg, at den truar livsgrunnlaget til alt og alle som kjem etter oss.
Tida er komen for å bli jærbuar på ein ny, meir merksam og klokare måte. Bothild Åslaugsdotter Nordsletten er redaktør i jordbruksbladet Bondevennen og har markert seg i samfunnsdebatten om natur, klima og ikkje minst matjord. Ho er utdanna statsvitar med Russland og Aust-Europa som spesialfelt og er tidlegare diplomat.
https://www.facebook.com/folkeakademiettime