Litterær lunsj: Gamle brev blir bok
Kom og høyr historia som gir eit rikt og detaljert tidsbilete av livet på Jæren på 1950/60-tallet!
Gratis - inga påmelding
Gunnar Søyland er fødd i Time i 1957 og oppvaksen på Sletteig, som er eit gardsbruk på Njå. Etter studier i Oslo har han arbeidd i dyrlegepraksis i 40 år, det aller meste av tida i Strand kommune i Ryfylke, der han framleis bur. Han vart pensjonist for 4 år sidan, og har fått meir tid til å dyrka andre interesser, mellom anna lokal- og slektshistorie, med slektsrøter i Time og Gjesdal.
Søyland vil snakka om eit større prosjekt som har teke form i løpet av dei siste to åra gjennom å systematisera, scanna og lesa gjennom ei større samling av brev skrivne og sende mellom hans farmor og farfar og fleire av borna deira, i tillegg til eldre dokument tilbake frå tida rundt førre århundreskifte og fram til fredsåret 1945. Brevsamlinga dekker perioden 1945 - 1970. Hans farfar, Gunnar Endreson Søyland, var i tillegg til bondeyrket ein engasjert samfunnsborgar og flittig og habil brevskrivar. Breva hans, rundt 270 i alt, inneheld mykje lokalhistorisk stoff, og vil venteleg vera av interesse for mange utover den næraste familien. Dei fleste breva i boka er skrivne til dottera Elfrid som var misjonær på Madagaskar i perioden 1951 - 1970. Breva gir eit detaljert tidsbilete av livet på Jæren på 1950- og 1960-talet.
Resultatet av arbeidet er ei bok med tittelen "Gunnar på Sletteig" med undertittelen "Soga om livet hans, slekta han vaks opp i, garden på Njå og etterkomarar fram til 1970." Den første delen av boka er ein rikt illustrert biografi skriven av Søyland. Den andre delen er det farfaren hans som har skrive, medan Søyland har redigert og supplert med illustrasjonar (for det meste private fotografi). Boka er utgjeven på eige forlag våren 2025.