Mímir Kristjánsson: "Pabbi. En familiesaga om drukkenskap"
Historia om Mímir og Pabbi
Arrangementet krev billett
Dato
Tid
Stad
Time bibliotek - Storsalen
Arrangør
Billettar
Mímir hugser ikkje kor gammal han var då han skjønte han ville få problemer med alkohol, men det var lenge før han drakk for fyrste gong. Dette er historia om ein pappa som drakk for mykje og ei slekt som har vore fulle sidan Egil Skallagrimssons tid.
Mímir Kristjánsson hadde ein lykkeleg barndom. Han vaks opp med ein pappa som var verdens beste historieforteljar, og kan ikkje hugsa å ha vært redd for han ein eineste gong. Når faren til Mímir døyr, spør han seg korleis han kan elska faren sin så mykje samtidig som han veit at faren var alkoholikar.
Mímir Kristjánsson (f. 1986) er stortingsrepresentant for Rødt, forfattar og tidligare journalist. Han har vore nyheitssjef i Klassekampen, og har mellom anna gitt ut bøkene De superrike (2011), Frihet, likhet, Island (2015), Hva ville Gerhardsen gjort? (2018), Mamma er trygda (2019) og Jon Michelet. En Folkets helt (2021).
Han vaks opp i Stavanger med sin islandske pabbi og norske mor.
Vel møtt til alle!