Laster side
Til arrangement

Samtale, debatt og foredrag

Møte med forfattar Agnes Ravatn

Møtet med Agnes Ravatn vert i form av ein samtale med Inger Undheim.

Legg til i kalender
Tre i raude haustfargar utanfor Time bibliotek
Foto: Pia Kaldheim
Tre i raude haustfargar utanfor Time bibliotek
Foto: Pia Kaldheim
Tre i raude haustfargar utanfor Time bibliotek
Foto: Pia Kaldheim

Arrangementet krev billett

Dato

tor 30. november

Tid

11:00 - 13:00

Stad

Time bibliotek - Storsalen

Arrangør

Jæren Senioruniversitet

Billettar

Kr 100/gratis (medl.)

Agnes Ravatn (f. 1983) frå Ølen er ein av våre fremste yngre forfattarar. Ho debuterte i 2007 med den kritikarroste romanen Veke 53. Seinare har ho skrive ei rekkje romanar, essaysamlingar og avisartiklar, der ho formidlar både spenning, undring, ironi og humor.

Høgdepunktet så langt er nok romanen Fugletribunalet frå 2013, som ho fekk P2-lyttarane sin romanpris for. Essaysamlinga Folkelesnad frå 2011, om norske vekeblad og magasin, vart nominert til Brageprisen det året. I 2011 fekk ho Norsk språkpris for nynorsk, og to år seinare Arne Hestenes’ journalistpris.

I 2016 flytta Agnes Ravatn med mann og barn til eit lite småbruk i Valevåg og vart nærmaste nabo med forfattaren Einar Økland. Resultatet vart boka Verda er ein skandale: ei lita bok om livet på landet, som kom i 2017.

Agnes Ravatn vil ikkje halda eit tradisjonelt foredrag – møtet med henne vert i form av ein samtale med Inger Undheim. Og sjølvsagt med rom for spørsmål frå salen etterpå.

Kontakt

Sånn bruker du biblioteket

Time kommune
Ansvarleg redaktør: Anne Tjørhom Frick
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygd med Libry Content