Natt på biblioteket

Festival
For alle

Dette blir ein kveld med eventyr, overraskingar og kjekke aktivitetar.

bilete av ein campingsituasjon
Foto: Emilie Amdal Gjesteland
bilete av ein campingsituasjon
Foto: Emilie Amdal Gjesteland
bilete av ein campingsituasjon
Foto: Emilie Amdal Gjesteland

Gratis - inga påmelding

Dato

fredag, 7. mars

Tid

19:30 - 21:00

Arrangør

Time bibliotek, bryne.no og Livsgledefestivalen
Legg til i kalender

Kva skjer eigentleg inne på biblioteket etter at sola har gått ned og skuggane kryper fram frå dei djupaste krokane? Kjem tussar og troll ut frå eventyrbøkene? Slår Lars Monsen leir ved natur og miljøhylla? Denne kvelden får du oppleve innandørs friluftsglede i mørkret. Me opnar heile bygget og skrur av lyset.
Dette blir ein kveld med overraskingar i skumringa og kjekke aktivitetar.
Garborgsenteret er og opent denne magiske kvelden. Klarer du løyse treskomysteriet i mørkret?

Saman feirer me livsgledefestivalen og friluftsåret. Me anbefalar varme klede for ei par utandørs eventyr, og hovudlykt eller lommelykt for å finna vegen mellom bokhyllene.


Denne kvelden passar best for barn og barnefamiliar, men alle er sjølvsagt velkomne!