Ola Kvaløy: Korleis omstilla den norske oljeøkonomien?
Korleis skal det grøne skiftet gjennomførast i praksis? Og kva skal me eigentlig leva av etter oljå?
Arrangementet krev billett
Billettar
Norsk økonomi er svært oljeavhengig. Samstundes vi norske politikarar ha høge mål for kutt i utsleppa av klimagassar, både her heime og globalt. Over tid tyder det at fossil energi må erstattast av fornybar, og at norsk næringsliv må omstillast i grøn retning og få fleire bein å stå på.
Men korleis skal «det grøne skiftet» gjennomførast i praksis? Kva tiltak vil vera mest kostnadseffektive? Kor sterkt skal staten styra denne prosessen, og kor mykje bør overlatast til marknaden? Og kva skal me eigentleg leva av etter oljå?
Ola Kvaløy (f. 1973) er dekan og professor i samfunnsøkonomi ved Handelshøgskolen, Universitetet i Stavanger. Han var medlem av det regjeringsoppnemnde Klimautvalet, som la fram si utgreiing i 2023, og i Skatteutvalet, som gjorde ferdig sitt arbeid året før. Kvaløy er ein aktiv formidlar og debattant med fast kommentarspalte i Dagens Næringsliv. Han er også medlem av redaksjonskomiteen i økonomifestivalen KåKåNomics.
Inngangspengar:
Medlemmer: Gratis.
Ikkje-medlemmer: Kr 100 – som blir betalt ved inngangen.
Vil du bli medlem i Jæren senioruniversitet?
Trykk på denne lenka: https://jaeren-senioruniversitet.no/bli-medlem/
Medlemskontingenten er kr 500 for eit kalenderår, og kr 250 for kun haustsemesteret.
Beløpet skal sendast til bankkonto: 3325.38.18609