Skriv me norsk i Norge om femti år?
Foredrag ved språkforskar og leksikograf Åse Wetås
Arrangementet krev billett
Dato
Tid
Stad
Time bibliotek - Storsalen
Arrangør
Billettar
Norsk språk har tilsynelatande ein sterk posisjon. Nordmenn er eit
lesande og skrivande folk. Dei fleste les ei eller fleire aviser dagleg,
bøker går framleis i store opplag, og norskspråklege forfattarar,
med Jon Fosse i spissen, vert lagt merke til internasjonalt.
Samstundes er språket vårt under press, særleg frå engelsk, som
dominerer i teknologi, internasjonalt næringsliv og populærkultur.
Og digitalisering og kunstig intelligens fører til at me stadig oftare
kan overlata skrivejobbane til maskinar. Kva følgjer får det for evna
og viljen til å oppretthalda bruken av norsk på alle
samfunnsområde? Kva utfordringar stiller utviklinga til den norske språkpolitikken? Og kva med minoritetsspråka våre?
Åse Wetås (f. 1972) frå Sandnes er språkforskar og leksikograf. Sidan 2015 har ho vore
direktør i Norsk Språkråd, som er ansvarleg for å følgja opp den norske språkpolitikken og
arbeider for å styrkja norsk språk og språkmangfaldet i landet vårt.
Storsalen | Kr 100/ gratis (medl.)