Torvald Tu - Frå det lyse fastland

Samtale, debatt og foredrag
Vaksne
Ungdom

Torvald Tu (1893-1955) er ein av dei mest folkekjære forfattarane på Jæren.

Kjell Olav Stangeland
Kjell Olav Stangeland
Kjell Olav Stangeland

Arrangementet krev billett

Dato

torsdag, 27. november

Tid

11:00 - 13:00

Stad

Time bibliotek - Storsalen

Arrangør

Jæren Senioruniversitet / Time bibliotek

Billettar

Billett kjøpes ved inngang
Legg til i kalender

Torvald Tu (1893-1955) er ein av dei mest folkekjære forfattarane på Jæren. Han var allsidig og flittig. Lista over utgivingane hans tel heile 70 titlar: skodespel, romanar, forteljingar og dikt.

På Jæren er han nok mest kjend for dei humoristiske stubbane på jærdialekt, der han tok folkeliv og lynne i landsdelen vår på kornet og viste lesarane eit anna Jæren enn Garborgs mørke fastland. Han har også skrive jærsongen «Sjå Jæren, gamle Jæren», som sambuaren Trygve Stangeland sette tone til. Men Torvald Tu vart også lagt merke til på den nasjonale arenaen. Mellom anna gjorde folkekomedien «Kjærleik på Lykteland» stor suksess på Det Norske Teatret i 1923.

Kjell Olav Stangeland (f.1948) er frå Bryne. Han var lærar i ungdomsskulen og deretter i 26 år tilsett i Jærbladet som journalist og i 2008-2013 ansvarleg redaktør. Stangeland har også vore dagleg leiar i Bryne FK og sit i Time kommunestyre. I 2021 gav han ut boka Frå utmark til by – historia om Bryne. Tirsdag 16. september.

Du kan melda deg inn i JSU ved å gå inn på heimesida vår: www.jaeren-senioruniversitet.no

Årskontingent kr 500,-. Dei som melder seg på til haustsemesteret betaler kr 250,- ut året.

Torvald Tu - Frå det lyse fastland | 27. nov. 11:00 | Time bibliotek