Biletbok  •  3 – 8 år

Bergfri og Kakaoen leitar etter morfar

Rolf Sagen

1997

Illustratør:
Malgorzata Piotrowska

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

Tema i boka er vennskap og det å bry seg om og hjelpe kvarandre. Bergfrid som bur aleine i eit lite hus i ein stor by, har berre ein slektning, morfar. Han bur på ein liten holme og ringjer kvar kveld og spør korleis Bergfrid har det. Bergfrid blir redd ein kveld han ikkje ringjer. Ho får hjelp av Kakaoen, morfars gamle venn, som har eit helikopter. Dei dreg ut til holmen, men finn ikkje morfar. Til slutt finn dei han ute på havet. Kakaoen reddar morfar slik morfar ein gong for lenge sidan redda Kakaoen. Enkelte setningar er utheva med store skrifttypar for å streka under det somskjer. Illustrasjonane er akvarellar med mykje blått eller grønt. Dei åpnar diverre ikkje for den dramatikken som ligg i teksten. Cappelen, 1997.

Utgåver