Høgfjellsmeldinga

Roman  •  Vaksne

Høgfjellsmeldinga : roman

Guri Sørumgård Botheim

2023

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

  • Forskere
  • Dovrefjell - Historie
Ragna Svae får jobben som kommunikasjonsansvarleg ved Norsk villreinsenter på Hjerkinn. Ho flyttar frå Trondheim til eit knøttlite samfunn på Dovrefjell. Her vil ho starte eit nytt liv. Snart får Ragna i oppgåve å skrive ein NOU-rapport om villreinen og om fjellet si etiske stemme. Kollegaene meiner rapporten er nok eit papir for skrivebordsskuffa, men Ragna ser for seg eit modig dokument med politisk sprengkraft. Kven er fjellet sine heltar og skurkar? spør ho og lanserer eit upopulært svar. Arbeidet hennar utløyser sterke reaksjonar. Ei anonym trusselmelding dukkar opp - er ho trygg på kontoret, er ho trygg i sin eigen heim? Om fiendane er utspekulerte, er ikkje Ragna heilt framand for dristige arbeidsmetodar sjølv heller. Ragna håpar at kjærasten Lars vil flytta etter ho på sikt. Men arbeidet med rapporten kvervlar opp hendingar i fortida. Eit djupt sakn tek tak i ho og dyttar ho i ei drastisk retning. Høgfjellsmeldinga er ein poetisk pageturner om kontorliv, naturrestaurering og radikale meiningar, om forelsking, hemn og usynlege drivkrefter.

Utgåver

Kontakt

Sånn bruker du biblioteket

Time kommune
Ansvarleg redaktør: Anne Tjørhom Frick
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygd med Libry Content