Even og Maja kranglar alltid, og i dag er ikkje noko unntak. Maja stormar ut av skulebussen i sinne. Even har utfordra ho til å gå inn i huset på haugen etter at det har vorte mørkt. Det er eit skummelt, slite og forlate hus som står på toppen av ein haug. Dessutan går det mange røvarhistorier blant ungane i bygda om huset. Det seies at det spøkjer der, og ingen torer å nærme seg huset. Maja veit at dersom ho ikkje går inn, kjem alle til å seie at ho er ei pingle. Dessutan lurar ho på kva som eigentleg skjuler seg bak dørene i det skumle huset på haugen. Forteljing for småskole-/mellomtrinnet. Omtalen er utarbeida av BS.