Year of the monkey

Sjølvbiografiar  •  Vaksne

Apens år

Patti Smith

2020

Originaltittel:Year of the monkey
Omsett av:
Brit Bildøen

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

  • Patti Smith (songar og musikar), 1946- (diverse skrift)
Året er 2016, og det skal bli eit år som endrar alt. I februar byrjar ifølgje kinesisk astrologi apens år; ein gåtefull syklus som ber med seg brå og overraskande hendingar, uro og ugagn. Patti Smith opplever ei djup sorg ho ikkje kan flykte frå. Ho vel i staden å møte dei vonde kjenslene og skrive seg gjennom året. Smith tar oss med på ei reise frå det sørlege California til ørkenen i Arizona. Ho pendlar mellom den sjuke vennen Sam Shepard på ein gard i Kentucky og sjukehuset der vennen og mentoren Sandy Pearlman ligg i koma, og som alltid blir det også eit par turar innom New York. I denne boka smeltar fakta og fiksjon saman med poetisk meistring. Trass i sorg og håpløyse byr Smith på visdom, humor og eit urokkeleg håp om ei betre verd. Boka er illustrert med Patti Smiths eigne Polaroid-bilete. Omtala er utarbeidd av BS.

Utgåver

Kontakt

Sånn bruker du biblioteket

Time kommune
Ansvarleg redaktør: Anne Tjørhom Frick
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygd med Libry Content