Ei kort og grei debattbok, som gjev rom for refleksjon. Med utgangspunkt i eigen oppvekst tek forfattaren oss med på ei utforsking av begrepet fattigdom. Samstundes er det ei djupt alvorleg bok. Om korleis samfunnet og haldningar har endra seg siden starten på 90-talet. Om dei rike som blir rikare, og dei fattige som blir fattigare.
Boka er verd å lese, om enn berre for det fantastiske kapittelet om biblioteka!