Eg plukka eigentleg med meg denne boka fordi ho såg ut som ei enkel bok å lesa for å gløyme bort verda, for i sommar.
Boka er mindre ein kjærleiksroman (sjølv om det er det óg) enn det faktisk er ein roman om å treffa veggen/bli utbrend og korleis ein finn tilbake til seg sjølv og gleda i kvardagen.
Verd å lesa berre for tankerekka om at viss ein blir nonne/går i kloster, så slepp ein mykje av kvardagens kjas og vas - og hovudpersonens forsøk på å sleppa inn i klosteret når jobben når metningspunktet.
Anbefalast absolutt! (og viss du kjenner deg igjen i starten, så er det kanskje definitivt på tide å sjå om du bør gjera endringer i eige liv.)