Dramatiske år i Europa

Samtale, debatt og foredrag
Vaksne

To år, to kriser: Korona og krig. Bruland fortel frå Europas unntakstilstand.

Roger Sevrin Bruland
Foto: Radoslaw Dimitrow/Team Berlin
Roger Sevrin Bruland
Foto: Radoslaw Dimitrow/Team Berlin
Roger Sevrin Bruland
Foto: Radoslaw Dimitrow/Team Berlin

Arrangementet krev billett

Dato

torsdag, 26. februar 2026

Tid

11:00 - 13:00

Stad

Time bibliotek - Storsalen

Arrangør

Jæren SeniorUniversitet

Billettar

Billett kjøpes ved inngang.
Legg til i kalender

I februar 2020 ramma det dødelege koronaviruset Europa for fullt. To år seinare, i februar 2022, invaderte Russland nabolandet Ukraina – ei hending som førte til ufattelege lidingar for både sivile og soldatar. På berre to år opplevde Europa dei største krisene sidan andre verdskrigen.

Roger Sevrin Bruland var kanskje den norske journalisten som kom aller tettast på desse hendingane. Som Europa-korrespondent for NRK med base i Berlin rapporterte han frå frontlinjene i krisene: frå overfylte sjukehus nord i Italia under pandemien til den blodige fronten i Ukraina.

I foredraget fortel Bruland om møta sine med menneske, både med og utan makt, på reiser i eit Europa i unntakstilstand. Han reflekterer også over framtida for verdsdelen vår.

Roger Sevrin Bruland (f. 1977) er frå Stryn i Nordfjord. Han tenestegjorde i dei fredsbevarande styrkane i Bosnia og Kosovo, og slo seinare inn på journalistikken. Nå har han sagt opp i NRK, teke over foreldra sitt småbruk og fått jobb som kommunikasjonsleiar ved Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec) i Førde. Han er aktuell med boka «Team Berlin – Europakorrespondent 2019-2023».

Dramatiske år i Europa | 26. feb. 11:00 | Time bibliotek