Vilkår for bruk av fotografi frå Time fotosamling

Sist oppdatert 22. nov. 2023
  • Fotografen eller biblioteket har alle rettar til alle bileta i samlinga. Bileta kan ikkje brukast utan samtykke frå fotografen eller Time bibliotek.
  • Den som bestiller bilete, kjøper berre retten til å bruka det i avtalt samanheng. Skal biletet brukast i annan samanheng ein annan gong, må dette avtalast med biblioteket.
  • Ved bestilling av bilete reknar me kr 150 i administrasjonsutgifter for det første biletet, kr 50 pr stk for dei påfølgande i same bestilling.
  • I tillegg vert det pålagt kr 500 i avgift for bilete som skal brukast i kommersielle samanhenger. For bruk innan vitskap, til museumspublikasjonar og lokalhistorisk litteratur reknar me ingen avgift utover administrasjonsutgifter. Det er kjærkome viss biblioteket får tilsendt eitt eksemplar av ein eventuell publikasjon kor bestilte bilete er bruke.
  • Bileta må ikkje endrast (retusjering, digital manipulering, beskjæring) utan samtykke frå fotografen / biblioteket.
  • Ved offentleggjering av bilete frå samlinga må fotograf og/eller Time bibliotek krediterast. ( Fotograf / Time bibliotek) Jmf. Lov om opphavsrett til åndsverk
  • Time bibliotek sender bestilte bilete som datafiler til oppdragsgivar

Kontakt

Sånn bruker du biblioteket

Time kommune
Ansvarleg redaktør: Anne Tjørhom Frick
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygd med Libry Content